Sånn, no har eg nemnt dei negative tinga.
Sidan sist innlegg har eg passert sikkert dei mest keisame strekka på heile turen, Mýrdalssandur og Skeiðarársandur. Dette er ca 140 km med sletter, ørken og flatland. Dei siste 70 kilometrane gjekk gjennom området som vart hardast råka av aska frå vulkanen i slutten av mai. Åkrane og plenane såg grøne og fine ut på avstand, men då eg kom nærmare var det fleire stader mange cm tjukt lag med aske. Heldigvis for meg var det meste av aska våt, men eindel hadde tørka, og særleg ute på Skeiðarársandur, eit "ørken"område sør for Vatnajökull, hadde aska tørka i vinden, og byrja å blåsa rundt. Det var ikkje plagsomt å pusta eller å sjå, men det sette seg i kjettingen og saman med olja vart ho til ein tjukk, ekkel graut.
Men det verste med desse slettene er at eg ikkje var nøye nok med å ta pausar, særleg over Skeiðarársandur der eg hadde iskald motvind, og ville helst koma fram så fort som mogleg. Dagen etter vart òg kald og keisam, med yr og skodd og skyer over alt som hadde vore kjekt å sjå på, og eg trødde for lenge utan pausar då òg. Dette skulle eg få svi for, bokstavleg talt. Litt for mange timar på rad for ein litt for utrent bakende vart til eit litt for vondt gnagsår. Og dermed hadde eg fått til det eg prøvde å unngå.
Planen for gårsdagen var å campa i nærleiken av Jökulsárlón, men ønsket om varm (ferdig) mat frista nok til å halda meg gåande ei mil til, og det svarte seg! Eg fann, nærast ved slump, Gerði Guesthouse, eit nydeleg gjestehus der eg fekk campa på åkeren rett utføre døra, og nytta meg av alle fasilitetane inne - flott bad, god stove, trådlaust nett, og ikkje minst ein herleg middag (koka saman av ei islending med haugesundsdialekt!). Utsikta var òg formidabel, ut over atlanterhavet i sør, og Öræfajökull (2110 m.) i vest. Ved middagsbordet traff eg eit ekstremt koseleg par frå Boston som til og med betalte halvparten av middagen for meg! Tusen millionar Takk!
Så, dagen idag - 21. juni. Pga ovannemnde bakendesår (trass i vaselin og baby-pudder) bestemte eg meg for å ta meg minst ein dag fri. Dette medfører at eg ikkje kan nå til Egilsstaðir før dei to andre kjem utan å ta buss. Så eg ringde og fekk plass allereie idag på ein buss aust til Höfn. Så er spørsmålet kva som skjer i morgon. Eg vil helst at såret skal verta godt igjen før eg syklar, så eg trur eg tar ein fridag til i same slengjen. Eg må då ta buss ein del av turen vidare, men er framleis usikker på kor mykje. Det vil visa seg. Eg har uansett kome fram til at me vidare ikkje vil nøla med å ta buss over dei keisame strekka, for heller å få betre tid til dei områda der det er mykje å sjå!