Eiríkur:
Og med den tittelen har eg fortalt store deler av det som skjedde på strekket mellom Ísafjörður og Flókalundur. Sidan me pga U-vêr ikkje fekk brynt oss på Hellisheiði Eystri (650 moh) på nord-austlandet, som me jo hadde tenkt i slutten av juni, så såg me fram til Vestfjordane der me endeleg skulle få måla (og bruka) krefter i bratte grusbakkar. Og me fekk jammen full uttelling!
Men først om første dagen frå Ísafjörður. For den første utfordringa var her ein tunnel på 6 km, der 4 av kilometrane kun hadde eitt køyrefelt. Det var kun den smartaste av oss som hadde tenkt på dette på førehand, så derfor måtte me fordela lyktene strategisk mellom oss. Eg hadde to raude epilepsiframkallande blinkarar - ei på tralla og ei på sykkelen, og sykla bakerst. I midten sykla kvinnfolket - utan lys, mens Tauraren fekk ei sterk LED lykt på styret og leda an sykkeltoget. Me kledde godt på oss, og grua oss til iskald og innestengd fjelluft. Men våre frykter og suter vart fort avskilta, for klimaet inne i tunnelen var mykje betre enn ute - mildt, og ikkje minst - vindstille! To faktorar me kjende me var glade for å bytta vekk dagslyset for! Og bilistane såg oss tydelegvis ganske godt, for dei sakka tidleg ned og køyrde forsiktig forbi.
Vel ute på andre sida kryssa me Önundarfjörður og klatra over ei ganske beskjeden hei på 270 moh. Men pga vind i ryggen og lang, passeleg bratt nedoverbakke sette eg turens fartsrekord: 78,41 km/t! Med ein fullasta BOB Ibex på ca 35 kg. bakpå var opplevinga mildt sagt nervepirrande. Bremsene fekk kjørt seg då me midt i bakken traff på ein springar som sprang med fakkel for fred - World Harmony Run, me stoppte og drøste litt med han. Ein fyr frå California. Eg forstod ikkje heeilt kvar det vart fred av at han svetta opp ein bratt bakke lengst uti gokk på Island med ein fakkel i handa. Men men. Etter det var det berre ein kort fjord og ein handfull hissige terner å hanskas med før me kom fram til Þingeyri, der me campa på den lokale campingplassen/fotball-/volleybanen/svømmehallen. Her fekk eg ein sårt tiltrengd hårklipp, vel utført av Ra9, med den medbragte kjøkkensaksa mi..
Etter god utnytting av den lokale campingplassen/fotball-/volleybanen/svømmehallen og ei god natt var me klare for turen sin bokstavlege høgdepunkt. Hrafnseyrarheiði som me hadde drøymt om å få slåss imot låg no for våre føter. Kanskje ikkje den mest ekstreme fjellovergangen i verda, men med ein 10% bratt grusbakke frå 0 til 550 moh var det ei heilt passeleg påkjenning for lårmusklane, berre sjå i videoen kor lett det var!

Så lett altså!
Det kan kanskje nemnast at nedturen på andre sida var minst like hard for bremsene som oppturen var for føtene våre. Men trygt ned kom me, og så snart me kom til havnivå kjende me lukta av vafler. Me følgde lukta og kom til eit slags gardsmuseum. Kva som var til utstilling trur eg ikkje me hugsar døyten av - men vaflene var dei beste me har smakt i heile vårt korte liv.
Me tok kveld ved Dynjandisfoss der me hadde Svenska Kjöttbullar og jordeple, med ein god porsjon mygg attåt.
Og no innser eg at eg burde ha delt denne posten i to, men sidan me allereie har lasta inn bilete for neste dag òg, så gidd eg ikkje endra på det. Men idag sykla me altså den siste av etappane på Vestfjordane - ei ny grushei frå Dynjandisfoss til Flókalundur. Imens me var på Ísafjörður fekk me besøk av fossilene til dei to halve islendingane. Dei køyrde vidare og fortalte litt om korleis vegen var framover. Vel, me lærte ein ting av det - aldri stol på folk som sit i bil! Vegen mellom Dynjandi og Flókalundur var ifølge dei ganske flat og ikkje mykje bakkar. Vel. Det var ei grushei berre 50 meter lågare enn Hrafnseyrarheiði, men når du først var oppe gjekk vegen halvvegs ned igjen før han gjekk mest heilt opp att.
Så var dette òg dagen der me kunne fått skikkelig trøbbel. Tauraren hadde ikkje festa tralla si godt nok, så ho datt plutseleg av på eine sida av sykkelen, som medførte feil og stor belastning på andre sida, og vipps - heile driden vart skeiv og girane ute av system. Heldigvis skjedde det ikkje i fart i ein nedoverbakke - då trur eg me kunne ha sett ein litt annan ende på visa. Men, me fekk på eit vis vridd og vrengt og justert gir slik at han virka sånn nokonlunde før me endeleg kunne renna ned imot Flókalundur.
Her har me det luksus - har kjøpt hamburger på eit hotell/motell-ish og testa Flókadalslaug - ein godt bevart løyndom. Dama i butikken nekta å fortelja kvar ho var, så me måtte leita sjølve. Men fann altså denne idylliske varme kjelda som var lødd opp heilt i sjøkanten - sjå bilete i bildevisninga i toppen her.
Planen vidare no var eigentleg å sykla ut mot Látrabjarg, men på grunn av driddvêr i vente har me blitt einige om å spara det til neste tur slik at me har noko usett til dess, pluss at me vil koma oss til Flatey medan vêret er såpass som det er no, så det gjer me nok i morgon!