Det har vist seg å vera vanskelegare enn eg hadde trudd å finna tid til å blogga, så difor har det gått ei stund sidan sist innlegg, men no.
Eg visste eg måtte ta buss ein eller to dagsetappar for å nå til Egilsstaðir til Rannveig og Karl kom, men etter at eg oppdaga at Ragnheiður Gröndal skulle ha konsert på Egilsstaðir, vart vêr og natur uinteressant, og eg heiv meg på bussen heile vegen frå Höfn for å nå konserten. Og det var verdt det! Om du ikkje har høyrt henne, så leit på YouTube eller Spotify!
Bussturen var enkel og grei, eg hadde gitt beskjed om at eg hadde sykkel og mykje bagasje, så dei stillde med tilhengar bakpå minibussen.
Så, plutseleg var eg fleire dagar før planen, og eg byrja å verta kriblen etter å sykla igjen, så eg sykla tur - utan bagasje! Turen gjekk opp ein bratt og lang bakke til ein fjellovergang som heiter Fjarðarheiði. 550 m. høgdeforskjell med 10% stigning store deler av bakken. Det var merkbart at to veker med sykling hadde gitt resultat!
Men så, endeleg, kom laurdagen eg hadde venta på, og Rannveig og Karl kom i kvar sin Fokker 50 og gjorde kvardagen min lysare og lettare. Ankomsten vart feira med taco, som forresten passar perfekt som turmat!