Turen starta endeleg kvelden 13. juni. Planen for dagen var å starta tidleg, men ulike grunnar medførte at dagen vart både gamal og grå før eg kom meg av stad. Som du forstår kunne eg på ingen måte nå så langt som eg hadde håpa på, så eg slo opp teltet kl 0030 ute i villmarka på fjellovergangen Þrengsli.
Neste dag fekk eg ein flying start ned bakkane frå Þrengsli mot låglandet nerføre. Etter ca 13 km kom eg til den første bygda, Eyrarbakki. Dette er ein koseleg plass med ca 600 innb. heilt i fjæresteinane ved Atlanterhavet, med magisk utsikt over havet. Eit skilt fortalde meg at rett sør frå Eyrarbakki ville eg ikkje møtt land igjen før Sørpolen!
I eldre tider var Eyrarbakki betydeleg større enn Reykjavík, og det såg lenge ut for at Eyrarbakki skulle verta hovudstaden på Island.
Berre nokre få km lenger aust kom eg til Stokkseyri, ei bygd som liknar ganske mykje på Eyrarbakki, og ligg på same måta utstrekt longsmed stranda. Stokkseyri husar omlag 500 innbyggjarar. Både Stokkseyri og Eyrarbakki var viktige fiske- og handelsstader heilt frå rundt år 900, men utpå 1900-talet har fisket forsvunne nesten heilt, og turistnæringa er no den viktigaste.
Etter å ha passert Stokkseyri, dreidde vegen vekk frå kysten, og kort etter igjen svingde eg av asfalten over på ein grusveg for å ta ein snarveg opp til Ringvegen der han kryssar over Þjórsá. Dette gav meg ca 20 km på grus, men òg den einaste delen av dagen med medvind!
Eg hadde opphald det meste av dagen, men den siste timen byrja det å regna (i tillegg til vinden som blés i trynet mitt). Den varme dusjen på Árhús Camping på Hella var altså svært kjærkomen.
Idag, 15. Juni, hadde eg bestemt meg for å ta ein litt kortare dag for å lata bakenden få litt kvile. 36 km høyres ikkje mykje ut, særleg ikkje på flate sør-Island. Men med frisk bris til liten kuling rett imot kan 36 km vera meir enn nok! Så eg enda opp i Hrafnagil, ein campingplass 1 km nord for Seljalandsfoss, ved røtene åt Eyjafjallajökull. Dette er ein flott campingplass med gode fasiliteter og super betjening!