Eg hadde eigentleg skrive eit langt innlegg, men så klikka pc'n, så då vert det eit kort.
Igår sykla eg frå Seljalandsfoss til Vík í Mýrdal. Dagen starta greit med medvind ca ei mil. Men idét eg runda ein liten fjellknaus var det som om eg sykla på ein vegg. Frå og med då, og resten av dagen fekk eg ein frisk bris midt i mot. Siste rest før Vík var ein liten haug på 119 moh. MEN bakken opp hadde 12% stigning frå havnivå heilt til topps. Det er 50% brattare enn det brattaste i Rennfasttunnelane det! Så gleda var stor når eg kunne renna ned den mykje slakare og lengre bakken ned til Vík på andre sida.
Idag tenkte eg å ta meg ein fridag. Både fordi vêret har vore gale - pøsregn og stiv kuling frå aust, og fordi etter Vík kjem Mýrdalssandur, ei 7 mil lang sandslette utan bebyggelse, og eg vil gjerne koma meg forbi den, sjølv om eg skulle få motvind heile dagen. Myndighetene åtvarar mot å overnatta på Mýrdalssandur, fordi når/dersom Katla får utbrot, er det sannsynlegvis der flaumen vil koma.
Så ja, fridag. Nasjonaldag er det òg idag, på Island. Så eg feira med godt marinert lammafilét og jordeple i forteltet mitt. Og apropos forteltet. I dagtidleg tok eg meg ein dusj, og etterpå hang eg handkléet til tørk i teltet. Det har regna heile dagen, men likevel tørka handkléet på berre nokre få timar. Det same med regnjakken min her om dagen. Fantastisk telt! Eureka!
Resten av dagen gjekk eg berre og rusla nede på stranda - som forresten kan ta pusten av alle og ein kvar. Jærstrendene? Gå og legg dåkk.