Det var kjekt å lesa dei islandske nyheitene idag. På austlandet har det idag vore snøfokk, og det er snødekke på fleire hovudvegar der borte. Biletet til venstre er henta frå Mbl.is, og vart teke ca kl. 18 idag (9. juni). Etter planen skal eg sykla forbi der laurdag om to veker. To veker skulle jo vera rikeleg for å få vekk snøen, men vêrvarselet for ei veke fram i tid ser ikkje akkurat lovande ut Storm.no spår mellom 1 og 3 grader heile neste veke, kulden vil ingen ende ta! Men vêret på Island er somsagt svikefullt og svingande, så om det er 2 grader ein dag, så kan det vera 15 neste dag. Reknar med ei slik endring før eg inntek området, men eg er takksam så lenge eg får plussgrader!
|
|