SagaBike
  • Heim
  • Bloggen
    • 2016 Nord-Noreg
  • Tidlegare turar
    • 2014 Aust-Island
    • 2011 Island rundt
  • Vêret
  • Nyttige lenker

Siste planleggig

1/6/2011

0 Kommentarer

 
Picture
For berre nokre få dagar sidan var det to månadar igjen til turen starta. No gjenstår kun ti dagar. Det er skremande, og utruleg spanande på same tida. Det meste av utstyret er på plass, og det meste ser ut til å vera klart, bortsett frå ein liten ting. Sidan eg vert åleine dei to første vekene, treng eg litt meir plass på sykkelen sidan eg må ta heile teltet, all maten og kokeapparatet åleine. For å løysa dette bestilte eg eit bagasjebrett til sykkeltralla og eit par Ortlieb Front Roller Classic sykkeltasker. Men når pakken kom oppdaga eg at bagasjebrettet mangla. Smell! Mindre enn to veker igjen til avreise.. Heldigvis fekk eg rask og god service hjå Bike Trailer Shop, og dei sende brettet så fort dei kunne. Sist pakke tok 12 dagar frå Arzona til Tau. Bagasjebrettet vart posta 1. juni, som betyr det kjem fram 13. juni om det tek like lang tid som sist.. Det er ein dag for seint! 

Biletet over (som eg har stôle frå the Bike Trailer Blog) viser ca korleis oppsettet mitt kjem til å sjå ut (taskene mine er sjølvsagt gule, så dei matchar BOB Dry Sak'en!). 

0 Kommentarer



Legg igjen en kommentar.


    - Read this blog in English 


    Tidlegare innlegg

    Juli 2011
    Juni 2011

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Heim
  • Bloggen
    • 2016 Nord-Noreg
  • Tidlegare turar
    • 2014 Aust-Island
    • 2011 Island rundt
  • Vêret
  • Nyttige lenker