Eiríkur:
Dagen Karl og Rannveig kom vart ein ny fridag, så me kom oss avgarde frå Egilsstaðir sundag 26. juni. Det vart ein hard start for dei to nykomarane, med kald nordavind rett i fleisen. Me var ganske så leie alle mann etter ca 3,5 mil då me var framme ved gardshotellet Hótel Svartiskógur der me var dei einaste teltgjestene. Men servicen der var ubegripeleg, og me vart tekne imot som ein kongefamilie. Me kjøpte oss middag på staden, og på menyen stod heimeslakta lam, krydra med urter frå skogen bak garden. Eg trur me kan seia at smakslaukane våre gjekk heilt bananas.
Natta kom med eit regnver som manglar sidestykke, og med 4 grader og bitande nordavind var effektiv temperatur langt under null. Då me våga å stappa hovuda ut or teltet om morgonen var heile åkeren (campingplassen) omvandla til ein mindre innsjø. Heldigvis var me heilt i enden av åkeren, og fekk ikkje særleg med vatn inn i telta. Men planane våre om å halda fram over Hellisheiði Eystri (650 moh) gjekk fort i vasken, og me bestemte oss for å ta det kuli og sjå an vêret. Etterkvart kom hotellsjefen bort og tykte det var fælt me skulle bu i telt i dette driddvêret, så han tilbaud oss ei fin hytte så me kunne sova tørt neste natt. Og dette i tillegg til at me allereie campa til halv pris "pga regnvêret". For nokre folk!
Morgonen etter kjøpte me frukost på hotellet, og idét me skulle reisa kom han med ein liter mjølk og ein liter surmjølk til oss! "De må ha dette med dykk på reisa"... Så herved er altså Hótel Svartiskógur i Jökulsárhlíð varmt og hjarteleg anbefalt viss du vil føla deg verkjeleg velkommen og elska!
Men pga vêret bestemte me oss for å droppa heile nordaustlandet, og me tok Riksveg 1 raka vägen til Mývatn der me fekk nokre fine dagar. Månadsskiftet kom med eit sårt etterlengta vêromslag, og så snart me hadde fått ned teltpluggane ved Mývatn snudde vinden på sør og dreiv opp temperaturen til 14-15 grader.
Karl:
Idag er søndag den 3. Juli, og vi sitter på kafé i Akureyri og nyter det å slappe av. Vi, Karl og Rannveig, har nå vært med og syklet i en uke, og gårsdagens batalje viste seg å være ekstra tøff for våre respektive bakdeler. En kan også ta med låra, og ikke minst psyken, i den betraktningen. Turen inneholdt to bakker som begge hadde en stigning på to hundre og femti meter, men de kan ikke måle seg med de siste atten kilometrene frem til Akureyri. Her fikk vi virkelig oppleve hva Island har å by på. Denne gang i form av den kraftigste motvinden vi to har opplevd til nå. Ellers har juli gitt oss mye sol og bra sykkelforhold (vi har faktisk hatt medvind!), og vi kan med stolthet si at vi har prestert å bli solbrente på Island, alle mann.
Nå som vi er i en større by bestemte vi oss for at det passer bedre enn noen gang med et pust i bakken. Vi samler energi, vasker klær og kommer til å gå innom noen spesialbutikker for å finne ting som vi savner på turen; det være seg alt fra reservesykkeldekk til en god bok.